Vi får blogge litt om alt og ingenting igjen. Mykje å henge fingrane i om dagane, så det blir litt om alt mogleg. Eg vart ferdig med Mariusdressen til Johanna omsider, den er strikka i str 2 år, men ser ut som den skal vere passeleg til ho er 4 år minst! Like før Jan Egil fekk seg ein onepiece her also...
Jan Egil reise ned på huset tidleg om morgonen og kjem heim seint om kvelden, og har fått ferdig mykje småplukk, blandt anna soverommet vårt som du ser her...nesten ferdig treng berre litt golvlister. Men sjølvom dagane går i eitt og vi nesten ikkje ser kvarandre så tar vi oss tida til å feire verdens beste Øyrabesta - dama som alltid sit klar med ein god lunsj og spanande Hjemmetquiz når vi kjem svoltne og kunnskapslystne på besøk!
Ho fekk bl. a ein sykkel til gjebussen sin, kven skulle tru at denne dama har fyllt 60 år!
Og slik ser ho ut utan hjelm.
Så var det Christense sin tur å bli feira, 12år vart ho og heile slekta var samla...
Så når Johanna hadde fått nukk pølse, kake og brus...
stakk vi innom Øvregaard ein tur for å sjå på den fantastiske benkeplata vår...sukk!
Jula nærmar seg også, og innimellom julegrantenning både på Reed og Hestenesøyra, grautfest, nissefest og roping på nissen når vi hentar ved på lada (Johanna: "Halloooo Nissen! E du daaar?! Hysj! Nissen søve!!") så har vi fått baka pepparkaker...
Vore på helsestasjonen med Othelia igjen også, nye mål: 66 cm og 9340gram! Og det berre på puppelering!










1 kommentar:
Eg og vil ha ein heimestrikka onepiece!!
Legg inn en kommentar