Ja also det skjer stadig vekk ting på huset vårt. Her for eksempel har Jan Egil styra og tenkt i lengre tid for å få -vassboren varme rørsystemet- til å henge ihop og havne opp i samme uttak/inntak etterkvart...
Og han fekk det til tilslutt, så muligens, når rørleggaren har fått på plass alle rør i sjøen og inne så kanskje vi får litt golvvarme på! Det hadde vore stas.
Utvendes har far og dotter bore stilas, målt og spekulert litt også har husveggen fått fin ny vinterkledning (bilde kjem)..
Av og til tar eg og Othelia ei inspeksjonsrunde ned på huset, med medbrakt lunsj og kos slik at papen blir glad..
For han jobbar tidlege dagar og seine kveldar for tida, det har då resultert i at alle taklister er komne opp...
difor er det og litt rar bildevinkel på dette fotografiet. SJÅ! Taklister! Dette er Othelia sitt rom, lilla og fint med tapet som er verre å jobbe med enn restskatt.
Vi fann ut at vi kan ikkje gjere forskjel på jentene våra, so Johanna fekk litt lister også! Mykje har skjedd, og meir skal det bli!







1 kommentar:
Likar bilete frå huset! Kjempekjekt kor det tar form :) Men.. eg må seie, eg kryssar fingrane for at rørleggaren rotar det litt til, slik at innflyttinga blir utsett pittelitt ;)
Legg inn en kommentar