søndag 30. oktober 2011

Grilling i oktober


Vi kan ikkje sitte inne å rotne sjølvom det er oktober og veiret ute er rimeleg surt! Mor og far er heller ei vanskeleg å be med når ein har lyst ut på tur, så vi pakka pølse, saft, kaffi og pigga ned på naustet ein tur. Når vi hadde fått drege gummibåten på land...



og mor mi hadde fått testa ut pyrokunnskapen sin...



så fekk vi grilla litt pylse.



Og den smakte nydeleg, helst med både sennep og ketchup!



Vi kosa oss lenge, heilt til Johanna ville gå utan hue. Då måtte vi komme med stygge trugslar om at Isa faktisk hadde veldig lyst å gå med den hua, det hjalp ikkje. Så då måtte vi avlede at ho faktisk hadde fått på seg hua igjen med at ho fekk slokke bålet, noko ho sa var moro. Også tusla vi heim.



3 kommentarer:

Unknown sa...

Konge! Skulle likt å ha vore der.

Pia sa...

Kul hund med kul lue;)

Siv Anita sa...

Så flinke dåke er til å finne på slike trivelige ting! :)