tysdag 27. september 2011

Morgonstund har gull i munn..?


Etter utfordring frå Katrine Anita skal eg no blogge om den herlige frukoststunda vi har her i heimen. Sidan vi er A- mennesker av ypperste kvalitet begge to, så sprett vi opp om morgonen og inntar eit deilig måltid over mykje prat og kjærleik til kvarandre. Vi likar å omgi oss med vakre saker og ting synest det er på sin plass å sette fram det finaste porselenet vårt. Kaffeserviset er ei personleg gåve frå ein viktig forretningsforbindelse.



Vi har vår eigen personlege Jan Thomas som stylar hår og arbeidsklede slik at vi føler oss klare til eit næringsrikt måltid. Som for det meste består av, havregryn, mjølk og litt sylte. Kaffien er ein viktig bestanddel i dette måltidet, og er handplukka fra hyllene på S-markedet. Alt dette utgjer ein fantastisk start på dagen!

3 kommentarer:

Katrine Anita sa...

Genialt! Arti innlegg om frokosten! Liker!

Felulah sa...

Bra du ikkje tar det ille opp, eg kjem vel ikkje akkurat under 'det finaste bidraget'...:)

Siv Anita sa...

Hahaha, ler meg skakk av bildet av Jan Egil :D