torsdag 23. juni 2011

Jonsok 2011


Vi var ein tur på Hestenesøyra å feira Jonsok idag, der var ikkje kjempeoppmøte slik som det var ifjor, men dei som var der hadde det ganske så fint. Vi hadde tatt med oss regnkleda våra men det vart iallefall ikkje bruk for, vi fekk faktisk eit lite solglimt mens vi sat å åt grillmaten vår. Sia eit visst nek hadde gløymt å sette minnekortet i kameraet etter at ho hadde tømt det får eg ikkje med noko bilde frå  feiringa... men eit bilde av ei utslått og fornøgd jente i bilen etter at vi hadde kome heim vart det. Her har ho plassert sol / sovebrillene på nasa sjølv og sovna søtt.



Ingen kommentarer: