Då har vi also bestilt kjøkenet vårt, frå Epoq. Epoq har eit samarbeid med Elkjøp, og hadde ei kampanje nyleg som sa - for kvar 10000kr du brukar på kjøken får du 2000kr i kvitevarer. Vidunderet blir levert i slutten av mai, detta blir stas! Planlegginga av dette kjøkenet er igrunnen litt komisk, heile tida var vi fanatiske på at vi IKKJE skulle ha hjørneskap i vårt kjøken; "for det e jamment det upraktisk". Men berre ved å ha kjøkenskap plassert på den eine veggen fekk vi aldri plass til alt ein skal ha plass til. Så kom Jan Egil med det revolusjonerande forslaget kvelden før tilbodet gjekk ut, at visst vi hadde kjøkenet slik så fekk vi jo plass til alt alikavel. Dei luta ryggane våra vart plutseleg rake og alle sorger forsvann! Har ein følelse av at eg kan vere litt vel bastant av og til...
Men noko anna eg har greidd å grine meg til er dette fantastiske kjøleskåpet. I LOVE IT!



3 kommentarer:
Hahaha, elskar kjøleskåpet!! Hurra for å grine seg til ting :D
Digger kjøleskapet, ja! Finnes det i andre farger?
Finnast i fleire fargar og forskjellige størrelsar, berre å velge å vrake. Også er jo det greit at det er litt billigare enn SMEG retro kjøleskåpa :)
Legg inn en kommentar