So vi tok oss ein tur til Køben eg og han Jan Egil, vi hadde igrunnen ikkje så mange planar anna enn å dyrke oss sjølve, meske oss i mat og kanskje vere litt kulturelle. Det første vi gjorde var å hive på oss ullundertøyet i tillegg til at eg måtte ut på handletur etter sjerf og hanskar for det var bitande kaldt i Køben (OBS! Lite fjell = Masse vind). Dette resulterte også i mykje cafèsitting.
Her sit Jan Egil på det som etterkvart vart stamcafeèn vår, Cafe Paludan, Fiolstrædet 10. Triveleg plass med god mat, kaffi, øl (til dei som kan drikke det) og bøker. Alle veggar opp og ned var dekt med bøker, her har Jan Egil funne seg ein lekkerbisken; Illustrert dansk konversations leksikon bind 16, Samwer og Smuts. Snadder.
For litt sidan var eg på jobbtur til Oslo, då fekk eg sjå klubblokala til Hells Angels og det synest eg var svære greier, fekk ikkje snakka nukk med kollegane mine om det. Men jamment det, midt på Rådhusplassen i Køben står det ein heil gjeng med Wikileaks støttarar, eller Anonymous som dei kallar seg. Dette toppar absolutt den første serverdigheten!
Det beste med danmark er egentleg brunchen, eg synest absolutt det er heilt i orden med croissant, pannekake eller sjokoladekake (!) til frukost...ja så lenge du har fått i deg rugbrødet så må jo det vere i orden?
Joda, vi fekk med oss havfrua og. Men forstår ikkje heilt kvifor ho er so opphausa, skjønna godt at danskane av og til må halshogge ho eller dekke ho til med måling for å skape litt blæst rundt ho. Uansett, eg fekk ein god ide om at Jan Egil og eg må få oss ein slik skulptur heime hjå oss, berre at den skal heite "Den lille sjøulken". Hestenesøyra har godt av ein liten turistattraksjon.
Ahh, nukk eit matbilde.
Bilde innata teateret, vi såg My Fair Lady på dansk. Tru det eller ei men det var kjempekjekt, tok ei stund før eg greidde å tørke av meg grinet.
Rånebaben Jan Egil i legohimmelen.
For deg som saknar bilder frå Nyhavn, vi tar dei i legoversjon.
Så eit lite hjertesukk til slutt, etter ein kjempefin, avslappa og superduper tur til Køben og det fantastiske folkeslaget der. Så blir vi møtt av dette i gode gamle Noreg. Ein gjeng sirompa, hjernedaude idiotar som helst vil sitte oppå bagasjebandet for å finne kofferten sin. Eg bliiiiir so irritert! Heldigvis har Jan Egil-helten min lasersyn og ser gjennom norrbaggar slik at vi fekk koffertane våra til slutt. Takk for turen, håpar ikkje det blir lenge til neste gong!












1 kommentar:
Sukk, dette ser ut som ein fantastisk tur! Elskar København :D For ikkje å snakke om danskar, koselige, bedagelige folk!
Ellers kjenner eg at det byrjar å koke berre når eg ser det siste bildet ditt.. Kortid kan folk forstå at bagasjen din kjem ikkje fortare fordi om at du står klint oppi bagasjebandet!!?
Legg inn en kommentar