Helga vart brukt til avslapping, litt bollebaking...med bl.a mykje smaking av deig. Men så må vi komme oss ut å spasere litt også, humøret til Johanna er alfa omega etter om ho har vore ut eller ikkje. Ho likar godt å stabbe rundt ikring, helst der det ikkje er sanda, men eg reknar med at ho dermed blir ein reser på glattisen. Imåra tidleg reiser eg avgårde til Oslo for å treffe nye økonomikollegaer i firmaet vårt. Pluss litt opplæring på nytt fakturasystem. Johanna skal byte på å være med besteforeldre på Øyra og Reed, jamment kjekt å bu nært hjelpa!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar