søndag 18. juli 2010

I hurten og sturten.



Denne bloggen skulle egentleg vorte kalla; "Hege bloggar når Jan Egil er reist på jobb, for det er for det meste då det skjer noko her inne.

 

Her er vi also samla på jonsokfeiring på Øyra, god grillmat og mange frammøtte.



Eit av det største høgdepunktet i det siste har vore at Lille Lo fekk seg briotralle, det var stor stas! No er ho blitt 11 mnd og er høgt og lågt heile dagen. Ho klatra i trapper, krype, ete mest muleg småstein, beita litt gras å flira og ler heile dagen.



Ho har til og med fått sitt eige rom, eg måtte berre rydde det først...



På Øvregaard går dagane som vanleg, tilbygget er ferdig - manglar berre ein gravar og ein septiktank. Du kan vere sikker på at det blir eit innlegg når Toremann faktisk er flytta inn!



Favorittboka til både far og dotter er "Det tøffe lille toget".



Når vi ikkje har noko beire å gjere so har vi måla litt, her målar vi garasjen som muttra og fattern akkurat har pussa oppatt.



Her er det måling av tilbygget, Tore, Jan Egil og eg greidde første strøk på en dag. Spørst om det blir noko av andre strøk i dette nydelege sumarveiret.



Lite truleg at det blir noko av andrestrøket visst vi målar på denne måten. Det er det kunn Jan Egil som greier, han er jo så dyktig at han nettopp har fått fagbrev i industrimåling. Gratulerer!



So har vi drukke ut Lena, ho skal gifte seg i slutten av sumaren og eg er forlovar. Rafting var stor stas!

Ingen kommentarer: