tysdag 8. juni 2010

Mest dokumenterte middag nokonsinne.


Har du lyst å starte veka med ein god fiskemiddag? Då meinar eg at du skal teste ut denne. Finn ein pakke med pangasius på ein Coop butikk, fisken er dretta opp i ferskvatn i Vietnam og smakar nuuudelig. Vi har prøvd same oppskrifta med steinbit istadenfor pangasius og i tillegg til at middagen vart mykje meir kostbar så enda eg opp med å ete raspa gulerøtter med ris til middagsmat.


Legg eit par pangasiusfiletar i ei ildfast form, smør på ca eit halvt glas med pesto.


Kutt opp purre og dryss over fisken.


Rasp ost og dryss over.


Alt dette gjerast mens Johanna ligg mellom beina dine på golvet og vil opp. Og mens Jan Egil går bananas med kameraet og lure på om han skal hente blitzlampene.
Og ja; Hell over litt matfløyte til slutt. Og sett det i ovnen på 225 grader i ca 20 min? Server med raspa gulerøtter og ris. Egentleg so tar eg all matlaging på gefilen - men eg kan love deg at dette blir godt uansett ka slags gefil du har.

4 kommentarer:

Siv Anita sa...

Jess! Endelig ei fiskeoppskrift, dette skal eg definitivt prøve ein dag:D
Haha, no kan Andreas gleeede seg! Mmmm, fisk!

Hege sa...

Hmmm... blir nok ikke glad for dette han som bor i etasjen over deg!? Han som sverger til Breimsfisk i alle varianter!! Tror ikke han vil spise fisk som han ikke kan uttale. Men det med å smøre pesto på fisken og å helle fløyte over høres genialt ut. Om jeg ikke har ping...peng...pung....ja..denne fisken fra Vietnam så tror jeg det er genialt med torsk, sei eller hyse også jeg!!

Felulah sa...

Ja vi kviskra litt i korridorane dei dagane vi et pangasius til middag, men du har heilt sikkert rett - hyse, sei eller torsk egna seg sikkert til same bruk. Det viktigaste e no uansett at vi ete litt fisk av og til, det er jo utruleg godt og sunt!

Siv Anita sa...

Då har vi endelig prøvd fiskeretten din! Felulah-fisk som eg kalla det, for å lettare lure Andreas til å smake på det:p Funka ypperlig å kamuflere fisken i mengder med pesto, så Andreas åt seg stappmett, og han sa til og med "mmm!" ein gong ut i måltidet :D