
Smilekoppen vår er 10 mnd idag og no ser vi ei rasande utvikling! Ho har oppdaga at det finnast noko anna enn berre golv og har funne ut at i høgda er det mange ting å utforske. Og på fredag kraup ho for fyrste gong, men det går fortsatt raskare med åling.

No når det har vore fint veir har vi hatt late slaraffendagar i hagen, her øvar ho seg på å bli drøvtyggar.

Og på forje måndag sto ho i senga å flira av meg når eg vakna, då var det berre å skru ned sengebotnen eit hakk til.


Øyrabesta sende oss nokre bilder av vidunderet når ho er på besøk hjå ho. Her får ho plaske so mykje ho vil i fontena og ete mat sjøl, så det er ikkje rart at ho kosa seg der!

1 kommentar:
Må vel sei eg fekk litt heimlengsel no...
Legg inn en kommentar