fredag 21. mai 2010

17 mai



Årets 17 mai vart som vanleg feira på Hestenesøyra. Der møtast vi på nesjehuset og et rømegraut, kastar piler, spring om kapp, går natursti og er vi heldige har komitèen laga program med sketsjar til avsluttning av dagen. Eg synest det er heilt topp å samlast og feire denne dagen med fleire, der er mange som syt og klagar over at det er mykje styr med slike dagar og det å sitte i arrangementkomitèen. Eg rekna med at det er dei same synest det er viktigare å få med seg dagens Paradise Hotel episode enn å treffe sambygdinga. 



Johanna synest at bunad smakte ypparleg, her er ho stasa opp i ein bunad som tante Siv Karin har strikka.



Søskenbarntreff; Benedikte, Johanna, Kornelius og Christense.

1 kommentar:

Siv Karin sa...

Flott at de tok noken fine bilde av ungane i finstasen, sidan vi sprang ifrå fotoapparatet i gongen heime. Vi e av dei som syns det er so viktig å treffe sambygdingar at vi ikkje eingong tok oss tid til å fare heim og hente det:)