måndag 15. mars 2010

Sia sist...



Vi har fått opp ein sprek tapet på soverommet i tilbygget, det har nukk skjedd meir og men det er slikt pirkearbeid som ikkje er så interessant å skrive om. No er det fliselegging av bad som står på agendaen og så snart det blir klårveir og null nedbør skal eg byrje å måle ytterveggane.



Søndag 7. mars var mor, far og familien Eikenes Ravnestad på Alexandra ein tur. Mor fekk gåvekort på spa + lunsj med far i julegåve, og no var det på tide å benytte seg av det. Både mor og eg kan skrive under på at spa var heilt konge og ser ein nærmare på skjorta til far min så smakte nukk lunsjen godt og!



Ellers har Jan Egil vore på Førdetur og kjøpt seg ny motorvogn, vi fann ut at vi måtte tenke litt nytt denne gongen og hamna dermed på ein V70. 98 modell, 316000 km, 185 gampar, farge grøn. Så snart det blir fineveir skal eg stille alle Volvoane våra opp på tunet og ta eit skikkeleg skrytebilde.



Eg må sei eg er litt vårsjuk, eg vil ha vår og ikkje snøv. Breimsvatnet er frose til og vatnet har ikkje vore so lite på år og dag.



Dette er igrunnen berre trist, men dei svanene eg var ute for å fotografere for litt sidan var ikkje heilt nygde med at vatnet fraus. Så slik enda dei opp.



Over til noko litt kjekkare. Johanna Louise vart 7 mnd på laurdag som var! Månadens framsteg er mange, ho sit no i stol attåt bordet når ho skal ha mat og ho et graut, brødskive og frukt, middagsmat er ikkje så interessant enda. Ellers er ho blitt heilt bajas, ho greier ikkje å sitte i ro eit sekund. Ho kjem seg fram dit ho vil ved å rotere på magen og rulle rundt. Den nye favorittlyden er liksomhosting, det er løje!

3 kommentarer:

Linda og Marie sa...

Hei
Mange kjekke bilete. Håpar at me treffe på Johanna i påsken!!Marie tykkje ho er vorten stor..

Hege sa...

Her var det jammen mye nytt siden sist jeg var inne!! Kjekt!! Hmmm... Volvo ja! Mon tro om dere blir fornøyde med det merket...!? :)

Frode sa...

Kjempekjekt å lese nyhende frå Øyra og Reedsvingen. Det ser virkeleg ut som JAn Egil har lagt seg i selen når han tenkte nytt.
Kjempefint bilde frå refjæra, men leit med svanene.
Johanna Louise vekst og trivst ser eg. vert ikkje lett å halde følje med henne til sommaren og turnskoa kjem på.