måndag 22. februar 2010

Naustatur


I helga passa vi på Thea og Martine og vi hadde fullt opplegg for dei heile helga. Vi tykkjer det er ekstra kjekt å komme seg ut på tur når ein ser at ungane ikkje greier å sitte i ro og har makk i ræva, då får dei rast ifrå seg og dei vaksne får litt frisk luft.



På laurdagen stod tur ned til naustet og pannekakesteiking på timeplanen. Fatteren steikte pannekake på stormkjøkkenet mens vi andre åt. Hundane hadde og lyst på pannekake men dei ville også leike med 'ballen' som stod heilt bom fast.



Når sola var gått ned gjekk vi innatt å baka muffins, laga perledyr og spelte Memo. Men då var det og slutt på kruttet til Martine og Thea, i barne- tv tid held begge to på å sovne framfor fjernsynet. Ekje enkelt å holde tritt med opplegget til besteforeldra og tanta.  

Ingen kommentarer: