Ikkje så mykje som skjer med meg så eg må opp ein etasje for å få noko juicy news. Mams og paps har fått ny sofa og nytt stovebord! Dei tar heilt av, snart kjem dei vel til å få nytt golv og, makan til oppussing!
Johanna og eg var ein tur på barselmøte idag, vi skulle sjå ein film om kva ein skal gjere i nødsituasjonar med spedborn/born. Men pc'en deira var klikkings så det vart ikkje noko film. Må sei eg er litt skuffa over oppfølginga etter at eg fekk Johanna, ditte var det første møte vi har hatt...og det etter 5 mnd. Det hadde jo vore greit om dei la til rette for at småbarnsforeldre kunne møtast litt meir her i kommunen. Det var dagens klage.
Ellers;
- Eg har fått meg ein ny hobby, matterekning. Har komt til side 2 og står fast.
- Gjennomsnitt vedaposar brukt idag: 3. Igår var det 5, det går nedover. Mulighet for at vi kan stikke ut på ein trilletur imorgon visst det er under -10°C, stor HURRA!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar