tysdag 1. desember 2009

1. desember



Årets julekalendar! Eit lodd til Jan Egil og eit til meg, han er på jobb så vi tar skrapinga over telefonsamtala kvar kveld. Ditte blir jamment spanande.



Denne jenta her skal på bading imåra tidleg, babysymjinga vart avlyst etter første time så no er det symjing på eige ansvar. Ellers er ho smilande og blid heile dagen, hendene er for det meste plassert langt inni munnen, men det stoppar ikkje ho frå at ho kan skravle i veg samtidig.



Nuh er det leggetid for meg og, og sjå kva sengelektyre eg har fått meg! Neste bok i Läckbergserien, ditte blir spanande. God natt og sov godt!

1 kommentar:

Unknown sa...

hihi, eg har 5 skrapekalendara! skrapeskrapeskrape!:)