Av og til må det berre bli slik, dei siste dagane har eg prioritert å lese bok istaden for å oppdatere blogg når Johanna søv. Eg angrar ikkje, boka var skikkeleg god og eg anbefalar den sterkt! Eg har store planar om å lese resten av bøkene som Camilla Läckberg har skrive, men dette er den første i serien, så start med denne.
På torsdag som var hadde eg besøk av damene på jobb, karane kan berre angre på at dei ikkje var med for gjestane fekk servert mors kjøtkaker til middag og eplekake med is til dessert. Sist gjengen var på sengjamat besøk så var eg gravid og svolta. Eg klaga på at verten ikkje hadde laga middag til vi kom, dette var då berre tyleskap frå mi si side...men eg har fått høyre det frå kollegane mine sidan. Dermed vart det slik at dei fekk middag når dei kom, dei vart litt lange i maska...

Utviklinga til Johanna går radigt no, her ein dag hadde ho plutseleg kome seg over på sida og utførte kamikazetriks på den stakkars giraffen. Dette har berre skjedd ein gong so ho fann sikkert ut at det var for travelt med slik gymnastikk. Ho er byrja å gripe etter leikar og ete på hendene. I tillegg er ho byrja å rødde (tyte) noko grådigt, vi helde lengre samtalar heile dagane. Idag har ho fortalt at pappaen skal få kaffi servert på senga imorgon, så eg får vel berre følge ordrane.

Er du motorvognlaus og treng ein trufast venn i nøden. Då MÅ du kjøpe 740 vår. Den ligg ute for sal no ganske snart, den startar og går så løp og kjøp!!!

Oldebesta var ein tur oppom Reedsvingen i forje veke, eg og mamsen min var stressa med å stelle istand til sengjamatbesøk så ho passa på Johanna. Synest ditte var eit knakandes fint bilde av dei to ilag.
Må berre avslutte med enda eit søtt bilde, Isa er ikkje den som er mest opp etter Johanna. Men passe på - det skal ho. Her ligg fantehita og nurkar seg i søvne mens Isa passar på at ho ikkje har mareritt.



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar