Vi var ikkje komne lengre enn til Våtedalen, då Jan Egil såg eit godt motiv. Og sidan han har lovd seg sjølv å aldri gå forbi eit godt bilde så stogga vi. Og jamment, det vart to gode bilder synest eg!
I Hølbekken kosa vi oss godt, det vart ei avslappingshelg innandørs sidan det høllja ned ute. Unntatt for Jan Egil som måtte ta med Bjørnen på Arnanipa når han vart for rastlaus. Då passa Kathrine på Johanna medan Thea, Martine og eg baka horn.
På kvelden når ungane var lagde mekka Jan Egil mexikansk fiskegryte og vi kosa oss ut dei små timar...
Sjølvom vi har fått eit lite nurk i heimen så har ikkje vi gløymt bubben vår, ho er like bortskjemt som før, og får vel so og seie viljen sin på alt. Og får ho ikkje viljen sin så går ho opp til mor og far min så ordnar alt seg. På dette bildet ser de den nye biteleiken hennar som vi kjøpte i Arna, ho har allereie ete opp to slike høner. Men dei var utan bikini og vræla ikkje når vi kasta dei, så vi får sjå om denne blir reven sund også.

5 kommentarer:
Herlig med oppdateringer, Hege!! Ser at dere ble godt mottatt i Arna ja. Nå gleder vi oss til dere tar turen nordover til Møre!
Å herre min hatt, for nokre flotte bilete, seie no berre eg! Ingen som skryt av fotografen her inne, så eg må ta meg av den oppgåva. Fantastisk, flotte, magiske bilete:D
(og jada, vi skal prøve å dra oss oppover på besøk snart..!)
Tjuvlånte bilete til skrivebordsbakgrunn, gjorde til at eg måtte rydde skrivebordet for å rettferdiggjere å i det heile kunne bruke det :p
Oj, glømte fylle ut der det sto navn :)
Bra de lika dei godt, Jan Egil vart skikkeleg rørt når han såg den fine omtala :)
Legg inn en kommentar