Eg fekk med meg litt eple ifrå oldebesta idag, så no sit eg berre å gleda meg til å lage eplekake imorgon den dag! Nammenam! Er i skikkeleg bakemodus så kanskje det blir eit par kanelbollar og!

Eg tjuvlånte proffkameraet til Jan Egil idag og. Det er ikkje heilt enkelt, for eg har ikkje peiling på innstillingane på det. Så eg starta med å ta eit bilde - det vart heilt svart. Så eg tok eit til - det vart heilt gult. Slik fortsette eg ei stund, heilt til eg fann fram blitsen til han då løyste alt seg. Eg er av den meining at skal eg bruke autoinnstillingane på eit speilreflekskamera, så kan eg like godt bruke mitt eige kompaktkamera. Fekk til nokre bilder eg var ganske så fornøgd med!
Her ligg snuppa å øvar opp nakken sin til tunge løft, det er mykje visdom som skal romme ditta hovudet! No håpar eg berre at eg får skryt av pappaen til ho, er ikkje det fine bilder eg tar av dottra vår??!!

2 kommentarer:
fine bilder og sånn som ho veks !!
Eg skryte glatt! Utsnitt lys og dybde sete so spytta på. Motivet hjelpe jo dog på...
Legg inn en kommentar