Idag fekk eg pakke heilt frå Nederland i posten! Eg har lenge hatt lyst på ei monsterbukse, men sidan eg ikkje er så flink å fullføre mine handarbeidprosjekt så vart det til at eg besøkte Linda Skinlo si bloggeside og bestilte meg ei der. Buksa er ikkje meint til meg, men til Jan Egil - nei no tulla eg bra... eg meinar Johanna :P

I tillegg til monsterbuksa fekk eg meg eit nøstebarnteppe, så no møter Johanna vinteren godt forberedt! Gå innom
Linda sin blogg så kan de sjå alt det fine ho lagar.

Nesjebesta er også god å ha, både for voksne, barnebarn og hundar. Her får Isabubben servert middag slik hundar skal få servert middag. Ho skal sitte fint å høyre etter kva som står på menyen, før ho får maten. Men det er ikkje berre Isa som blir godt ivaretekje av Nesjebesta.

Her kikkar Johanna over kanten på det fine sengesettet i hardangersaum, som ho har fått av ho besta.

Og når ho ligg der i vogga si så drøymer ho søtt at ho har på seg det nye strikkasettet ho fekk av bestaen, for ute i verdensrommet kan det vere litt kjølig. (Jan Egil seier at i dette drøymebildet har Johanna forvilla seg ut i nebulatåka som heiter Messier 16, også kalla Ørnetåka. Fint ikkje sant?)
1 kommentar:
den kom fram!!! jippi!!! passar den?;/
Legg inn en kommentar