tysdag 18. august 2009

Endeleg heime!

Søndag kom vi heim på Reedsvingen til heisa flagg og rømegraut servert av besta. Svigers hadde tatt turen opp frå Øyra og broren min Bjørn med fam. var heime på visitt, so det var det kalaset. Det var som Jan Egil sa at det var like før vi kunne hatt namnefesten med det same!




















Vi er byrja å komme litt i gjenge etter Johanna sin ankomst. Sjefen sjøl har hatt late dagar og våkne netter..men no ser det ut til å gå seg til med det og.

4 kommentarer:

Linda sa...

Åååååå søte!!! ser rimelig fornøgd ut då!!!;)

skoa dine ligg på Skinlo, nina hadde dei med seg i kofferten, reknar med ho kom seg trygt heim sjølv om eg ikkje har høyrt noko frå ho endå:)

Litt småbestillingar har eg tid til veit du, kjem litt ann på kva du ynskjer deg og kva fargar, sidan det er nokre fargar eg må ta å bestille med garn-langaren min;)
let me know!;)

Hege S. Ravnestad sa...

Åååå så kjekt å sjå prinsessa!! Ho var rett og slett nydeleg!! Men det visste du kanskje...!? Eg håper det går fint med både den nybakte faren og mora. Ein kan bli litt tussete av å få eit slikt vidunder opp i armane. Plutseleg er livet snudd på hovudet og det som før var viktig er ikkje lenger interessant ein gong! Vel nesten ihvertfall... Vi sender med nokre arvekle med Trond og co. Så kjem vi på besøk når Frode kjem heim neste gong. Og då blir det pakke! Klem frå TANTE Hege!!

Siv Anita sa...

Hege, Hege, Hege!
Eg visste ingenting om at du hadde blogg! Til og med ein artig blogg! (det er sjeldan vare..)
Håpar de kosar dykk med lisjejenta, og har det aldeles knall:)

Kathrine sa...

Søtnos :)