søndag 12. juli 2009

Huset er vårt!


Det etterlengta huset - er endeleg blitt vårt! Men det vil ikkje sei at vi er nyinnflytta og har alt klart. Vi har reve litt og no er vi byrja på oppattbygging. Når Jan Egil kjem heimatt skal han til med snekring av stenderverk, håpet vårt er å få ferdig tilbygget til onkel Tore i løpet av august. Og at vi deretter kan starte på oppussing av vårt eige.

Her er eit bilde av huset før vi er starta på rivinga, det lille tilbygget var tidlegare gamleposten på øyra. No skal den bli større og leilighet.













Her er heile Eikenesklanen i ferd med å rive ned takstolane, ganske rørande at dei sette av laurdagskvelden til å hjelpe oss.













Endeleg ein dag med LITT blå himmel, regna nesten konstant under heile rivinga.













Her tar Helge gleda ifrå sonen med å rive ned veggen...fy skamme.














Ingen kommentarer: