Det har vore ein fin sumar med båturar, fisking, bading, Amsterdam og avslapp..men skal eg skrive om alt så rekk eg ikkje janitsjar øving ikveld så det blir LYSBILDESHOW!! WOHOO!
Jan Egil og Isa på veg til bading i Longenesvikja, heile familien Eikenes har samlast her etter jobb og forfriska seg i sjøen. Utsikta er over til Skjerdalen.
Båttur på Breimsvatnet, her har Isa lært seg at ho skal sitte i båt..ikkje hoppe ut av båt.
Det vart nokre fiskemiddagar i sumar...
..heilt til Jan Egil greidde å gå seg på eit bål. Då var det beina i fatle og dusjing med S- pøsa på beina. No er han erklært frisk fysisk.
Lille frøken Benedikte, fantastisk bilde synest eg!
Isa kosar seg på grillfest i fjæra. Ein heilt kompisgjeng på utflukt etter jobb ein vakker sumardag, dette blir ikkje gjentatt før Jan Egil har vore i lære hjå ein fakir.
Gunnemor og Felulah dansar regndansen mens Cherie håpar ho snart får hjelp med Isa til å rydde opp i dette tylet.
Ser de ka slags gromgut som har fått seg kamera? (klikk på bildet for å forstørre det) Vi hadde oss ein tur på Sandane for å sjå på seglskuter i forbindelse med Tall Ship Races, det var eit kjempefint arrangement med langope og konsert i sentrum. Men skipa dukka aldri opp.Så vi sneik oss til ein god middag hjå svigers på øyra, og dermed hadde vi full oversikt over fjorden, og over eventuelle skip som skulle dukke opp. Første skipa kom i 23.00 tida, så dermed vart det nattfotografering på Jan Egil og meg.
Broder Bjørn skjønna forresten ikkje kvifor det heiter 'Tolv Skip races'; "Dar e no fleire skip enn det??!"
Besta og Jan Egil diskuterar kva som er best av gombe og løpse.
Utruleg nok så hadde bestemuttra eit par ripsrunnja som måtte plukkast, det e sjeldan vare så eg og mor melde oss frivillig.
1 kommentar:
Kjekt med oppdateringar,venter i spenning på fleire!
Legg inn en kommentar