torsdag 1. mai 2008

1 mai tog!



Arbeidaranes dag markerte Isa og eg med vår spesielle måte. Vi gjekk tog oppi bakken ovanfor huset vårt. Her er marka dekt med MASSE påskeliljer og det er flott utsyn over Hestenes.

Blomsterpikene :)


Vi tok med pølse til Isa, kaffi og ei god bok til meg (legg merke til den fiiine mobilen eg har fått med Jan Egil i gjebussgåve). Det fine med å sitte i denne påskeliljeenga er at heile greia er gjerda inne, lamba til husverten pleie å beite her. Men no var det berre eg å Isa (som ikkje kom seg langt) som beita her.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Finaste blomsterpikene!!

Anonym sa...

Kor søte de er! :) Denne sida di er som skapt til å gje heimlengt. Du får spare nokre påskeliljer til eg kjem attende til Øyra, så kan vi ta ein pique-nique i det fri. :)

Kor mange flottar enda de opp med etter 1. mai markeringa, forresten?